torsdag 20. januar 2011

Vinter-katt


Dette er motivet som vi startar med. Ein katt med vintermotiv, og han er kanskje litt julete også for han held på julekuler i eine handa.Dette er hjørneblokker.


Motivet kan enten applikerast eller syast som stitchery.
Mønsteret hentar du HER og HER. Og HER finn du instruksjonen.
Desverre er alt på engelsk, men om du treng hjelp, så kontakt underteikna som kan hjelpe deg med evt. oversetjing.

søndag 16. januar 2011

Kattebloggen

(bildet er lånt fra Ellies quiltplace)

Dette vil bli den nye "prosjektbloggen" for NLQ i 2011. Den vil bli noko liknande Kalenderbloggen som vi hadde i 2010, med innlegg og mønster med jamne mellomrom. Men det vert ikkje eitt mønster kvar månad, no nøyer vi oss med eitt mønster i for kvar årstid.
Mønsteret kan lastast ned og skrivast ut, og bloggred. kjem til å samle bilda som høyrer til kvart mønster , og legge dei ut under årstidsnamnet.

Som de ser av namnet, vil det no handle om kattar, og mønsteret er slik at det kan lagast enten som applikasjon eller som stitchery. Når alt er ferdig, skal blokkene syast saman til eit veggteppe med andre blokker i tillegg. Dei er sydde som log cabin eller likn, men her står vi fritt til å sy det vi vil, berre størrelsen passar inn. Førebels finst det ikkje bilder av eit ferdig teppe fordi dette prosjektet ikkje er ferdig på den nederlandske heimesida. I Mars kjem siste blokka frå dei, så då dukkar det nok opp ferdige produkt på galleriet der etter kvart.

Sidan det no er vinter enno, så vert det delt ut vintermønster i februar.
Vårmønster får de i april og sommarmønsteret kjem i juni. Mønsteret for haust får de på første møte i september, og då kan arbeidet bli ferdig før jul. Då blir det kanskje ei fin julegåve til nokon?
Og om medlemmane ynskjer det, så kan vi arrangere ein sysaman-dag ein laurdag eller søndag på seinhausten der vi jobbar med dette?